Startpage





download musicfile

Den gode jorda
Doggfall i ein dal : dikt 1966.





Om eg var vinden,
ville eg leike med dei første
grøne spirane om våren,
vogge borti anemonar og krokus,
lette lint på lyse bjørkegreiner -
heilt til d u såg det.

Sidan ville eg berre vera hos deg,
i lufta du andar,
i tonen du nynnar gleda di med.

Var eg stormen,
ville eg bera songen din
ut over alle fjell og alle hav.
Sidan ville eg bera deg
på sterke, usynlege armar
dit dei trur paradiset var.
Der ville eg leggje meg til ro
på den gule stranda der d u kvilde.

Var eg elden,
ville eg brenne bort all klunger
som kan såre foten din;
eg ville tære opp alle netter
og skapa ein stor soldag,
stor soldag ikring deg.

Var eg eit tre,
skulle krona mi tekkje deg,
skulle stomnen min opne seg til hus,
skulle lauvet mitt fyllast med tonar
og med vellukt dag og natt.

Var eg   d e n   g o d e   j o r d a ,
skulle eg først vera for foten din
ei grøn blome-eng,
så ei frodig mark
der d u metta deg;
til sist ei mjuk seng
der du skulle sova i fred
til Den Store vekkjer
på den store dagen.

For det veit eg visst:
Om eg ikkje er vinden, stormen,
elden, treet eller den gode jorda,
så blir jorda ein gong
god mot oss båe,
jorda i denne dalen.
Då ligg dei grønaste slettene våre
på andre sida,
i paradiset.



skrevet av Bjarne Slapgard


Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer.


tonesatt av Abnescio


Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard.